Kulturaktivitetar
Singerheimen, Olden
William Henry Singer jr. (1868-1943), amerikansk biletkunstnar og millionærarving som slo seg ned i Olden. Heimen står no som han gjorde i Singers tid, og i «Studio» finn vi mange av verka hans utstilte.
Anders Svor Museum, Hornindal
Anders Svor Museet viser mange av hans beste arbeid. Svor var ein av dei mest uttrykksfulle bilethoggarane i Noreg rundt 1900.
Nordfjord Folkemuseum, Sandane
Nordfjord Folkemuseum på Sandane har ei omfattande samling av kulturhistoriske hus og gjenstandar frå heile Nordfjord. Området er ei vakker vandring tilbake til livet i gamle Nordfjord. Ein kan også få med seg den karakteristiske Holvikjekta frå 1881, den einaste i sitt slag i Norge. Museet ligg 40 min køyring frå hotellet.
Jostedalsbreen nasjonalparksenter, Oppstryn
På Jostedalsbreen Nasjonalparksenter i Oppstryn kan ein gjennom film, video, dataprogram og modellar, lære om isbreen og landskapet som er forma av vatn og is. På senteret kan ein også melde seg på guida naturstivandringar og breturar.
Sagastad, Nordfjordeid
Sagastad er eit moderne besøkssenter om vikingehistoria i Nordfjord. Her kan du stige ombord i landets største vikingskip. Her kan du oppleve ein virtuell vikinglandsby og mykje anna artigt. Nordfjordeid er også eit vakkert handelssenter.
Selja Kloster, Selje
Folk har reist hit i over 1000 år, for å oppleve Norges første pilgrimsstad, med unikt landskap og kultur frå viktingtida. Selje er regionalt pilgrimssenter. Klosteret ligg på øya Selja og er sannsynlegvis det eldste i Norge. Det går båt ut dagleg med guida turar. Sjå klosterbåten.no Prestegarden er pilegrimsmottak frå 2021.
Astruptunet, Jølster
Ca. 5,5 mil frå hotellet. Utstilling av Nicolai Astrup sin kunst.
Eikåsgalleriet, Jølster
Turen kan kombinerast med biltur rundt Jølstravatnet, til Eikåsgalleriet. På veg heim kan du stoppe på Audhild Vikens vevstove på Skei for å kjøpe godt norsk handtverk (heile året).
Norsk Bremuseum, Fjærland
Fjærland ligg ein 8,5 mils køyretur frå Innvik. Ivo Caprino-film frå Jostedalsbreen. Her kan du også sjå Bøyabreen like ved vegen og nyte god mat frå kafeen.
Vingenfeltet, Bremanger
Vingenfeltet i Bremanger er eit av dei største og mest særmerkte helleristingsfelta i Nord-Europa. Omlag 4000-6000 år gamle!
Har du spørsmål?
Vi har rask responstid og er alltid tilgjengelig for å svare på dine spørsmål.
Send oss en henvendelse via skjemaet, eller ring oss på telefon
+47 57 87 49 90