Innvik Fjordhotell
– med fjorden i hagen
Hotellet ligg som ei unik perle heilt i sjøkanten den vakre Nordfjorden.
Fjordrestauranten er open for både hotellgjestane og publikum, og serverer god heimelaga mat med nydeleg utsikt ut over fjord og fjell. Med fredeleg atmosfære, eiga badestrand, sandvolleyballbane og kort veg til fantastiske turistattraksjonar er hotellet eit ypperleg valg for både korte og lengre opphald.
Eit hotell i vakre Vestlands-Norge
Hotelet er ope for vanleg drift frå 01.mars.-15.desember.
Innvik fjordhotell er eit hotell for både kvardag og fest. I sesongen serverer fjordrestauranten dagleg god heimelaga mat med ei nydeleg utsikt over sjøen og fjella. Her kan ein komme både til frukost og middag. Ein kan både droppe inn eller bestille på førehand. Grupper oppmuntrast til å bestille bord. Ta gjerne familien med på søndagsmiddag hos oss.
Fleksible salar som kan tilpassast i storleik og format i arrangement, mindre møterom og stover, gjer at hotellet vert mykje brukt til alle typar selskap – frå samlingar, møter og firmajubileum, til konformasjon, dåp og bryllaup. Hotellet tilbyr catering.
Hotellet ligg i sjøkanten med den vakre Nordfjorden i hagen – i hjartet av Vestlands-Norge. Nordfjorden er med sine 10,6 mil, Norges sjette lengste fjord og strøymer heilt ut til Vestkapp og det ville Stadthavet. Rundt hotellet finn ein mange spennande turistattraksjonar. Og mange nyttar hotellet som ei koseleg base for ulike dagsturar rundt om i regionen.
Ny dagleg leiar
Merethe Søgnen er tilsett som ny dagleg leiar på Innvik Fjordhotell.
Vi er svært glade for at Merethe har takka ja, og ønskjer henne lukke til og Guds velsigning over arbeidet på hotellet.
Kommande arrangement
4.-6. sept.
Bibelhelg ved «Evangelisten»
Kurt Urhaug, Audun Hjelvik, Håkon C. Hartvedt
Arrangementet er fullt.
21.-25. sept. 2026
«Vi over 60»
Hilde Gjengedal. Kari Laila og Ove Aksnes.
Vi startar opp med middag måndag 21. sept. kl.18.30 og avsluttar fredag 25. sept. med lunsj kl.12.00.
Det vert bibeltimar og kveldsmøte kvar dag. Vi legg kanskje opp til ei lita utflukt ein av dagane.
Velkomen til rike og fornyande dagar!
Pris for heile leiren: kr 3.575,-pr. person i dobbeltrom, og tillegg kr 800,- i enkeltrom, Påmeldingsavgift: kr 300,- pr. person.
Påmelding til Innvik Fjordhotell – tlf. 57 87 49 90 – post@innvikfjordhotell.no
26.-27. sept.
Bibelhelg v/NLM
Tema for helga: «Jakta på lukka» – Forkynnaren
Bibeltimehaldar: Jon Håvard Gundersen, Forkynnar Misjonssambandet, Region Sørvest.
Oppstart med bibeltime Laurdag kl. 11:30
Avslutning med lunch søndag kl 12:30
Prisar:
Heile helga: kr. 1.400 pr. person i dobbeltrom
Tillegg for enkeltrom: kr. 300
Born 0-4 år: Gratis
5-13 år: kr. 650
Makspris for ein familie: kr 3.200
Prisar på enkeltmåltid:
Middag: kr 285
Kaffi: kr 50
Kveldsmat: kr 180
Frukost: kr 130
Påmeldingsfrist: Fredag 18. september
Påmelding til: Innvik Fjordhotell. E-post: post@innvikfjordhotell.no Telefon: 57 87 49 90.
Overnatting
Hotellet har 26 dobbeltrom, 7 enkeltrom og 1 familierom.
- Balkong
- Dusj og toalett på alle rom
- Telefon på alle rom
- Trådlaust internett (WIFI) på alle rom
- TV på dei fleste rom
Prisar 2025
- Enkeltrom frå kr 910,-
- Dobbeltrom frå kr 1.250,-
- Dobbeltrom med fjordutsikt 1.450,-
- Familierom frå kr 1.650,-
- Trippel rom frå kr 1.850,-
- Barn 0-4 år: Gratis i samme seng som foreldra
- Barn 5-13 år: kr. 150,- (pr person)
- Barn 14-17 år: kr. 250,- (pr person)
- Alle romprisar er inkludert frukost.
- Grupper: ta kontakt for prisar.
Restaurant
Restauranten vår ligg på fjordsida med praktfull utsikt, 5 meter fra fjorden. Rett utanfor ligg ein uteterasse der du kan sitje og nyte ein kopp kaffi eller eit måltid mat.
Hotellet er kjent for sitt gode kjøkken. Vi legg stor vekt på god, heimelaga mat.
Koldtbordet vårt med mange ulike salater, sjømat, spekemat, varmmat, dessert og kaffi, blir også brukt i lokale samanhengar.
Vi tilbyr og kva det måtte vere til større og mindre selskap. Ta kontakt, så skreddersyr vi menyen til selskapet ditt!
Velkomen til middag!
Har du spørsmål?
Vi har rask responstid og er alltid tilgjengelig for å svare på dine spørsmål.
Send oss en henvendelse via skjemaet, eller ring oss på telefon
+47 57 87 49 90
Her finn du oss
Gamlevegen 21, 6793 Innvik.
Innvik fjordhotell ligg 17 km frå Olden og 23 km frå Loen langs R60.
Ekspressbussen Bergen-Trondheim stansar ved hotellet. Bussen korresponderer med Nordfjord-ekspressen Stryn-Oslo







