Om oss

Om Innvik Fjordhotell

Hotelet er ope for vanleg drift frå 01.mars.-15.desember.

Innvik fjordhotell er eit hotell for både kvardag og fest. Frå vår fjordrestaurant får du god heimelaga mat og ei nydeleg utsikt utover. Fleksible salar som kan tilpassast i storleik og format i arrangement, mindre møterom og stover, gjer at hotellet vert mykje brukt til alle typar selskap – frå samlingar, møter og firmajubileum, til konformasjon, dåp og bryllaup.

Tilrettelagt for alle

Alle skal kjenne seg heime og vel ivareteken hos oss. Hotellet er oversiktleg organisert med kort veg mellom møtesal, restaurant, småstover og soverom. Her er alt under same tak. Kort gåavstand mellom romma og salane, gjer hotellet ideelt både dei små, dei eldre og uføre. Lokalene er tilpassa for rullestolbrukarar og det er heis til etasjene.

Kapasitet

 Ved festmiddag kan vi anbefale oppdekning for inntil 120 gjestar. For dagsseminar er anbefalt kapasitet cirka 80 gjestar. På Innvik Fjordhotell finn du 34 rom i ulike storleikar. Vi har overnattingsplass for inntil 60 gjestar, men samarbeider med andre overnattingsstadar i nærleiken når ein har behov for meir.

Alkoholfritt

Innvik Fjordhotell støttar rusfri trivsel ved å ikkje selje alkohol ved hotellet og er sertifisert som Miljøfyrtårn.

 

Eigarforhold

Innvik Fjordhotell er eigd av Normisjon, region Sogn og Fjordane og våre foreiningar i området. Bygget vert til dagen drive som hotell, men er også eit praktisk forsamlingssenter for kristne møter, kurs, stemner, leirar m.m.

 

Hjarteleg velkomen til oss!

 

Anna Marie Skogli Vatnamo
Dagleg leiar
Innvik Fjordhotell Misjonsheimen AS

Org.nr.  927 761 165​
Adresse: Gamlevegen 21​6793 Innvik
Mail: post@innvikfjordhotell.no
Web: www.innvikfjordhotell.no

 

 

 

Lokasjon

Hotellet ligg heilt i strandkanten ved fjorden (Nordfjorden), i rolege og svært vakre omgjevnader. Fantastisk natur og gode muligheter for fjellvandring, sjøsport og dagsturar til spennande kultur- og naturopplevingar. Ligg ved R60, 17 km. til Olden, 23 km. til Loen.

Ekspressbussen Bergen-Trondheim som korresponderer med Nordjordekspressen (Stryn-Oslo), stansar ved hotellet.

Avstandar

  • Oslo: 440 km
  • Bergen: 240 km
  • Trondheim: 460 km
  • Otta: 220 km
  • Stryn: 35 km
  • Briksdalsbreen, Jostedalen Nasjonalpark: 40 km
  • Via Ferrata, Loen: 24 km
  • Sagastad, Nordfjordeid: 80 km
  • Selja kloster, Selje: 142 km
  • Vestkapp, Stad: 167 km
  • Geirangerfjorden, Geiranger: 110 km
  • Ålesund: 180 km
  • Førde: 90 km

Tilsette

​Anna Marie Skogli Vatnamo
Dagleg leiar

Kristin Vedøy Drageset
Kjøkkenleiar

Tone Solvik
Kjøkkenassistent

 

Alicia Clifton
Reinhaldar

Even Mathias Skogli
Resepsjonist​​

Lucy Ariola Valaker
Hotellmedarbeidar

Sofie Amalie Heggdal
Nattevakt