Kalender
16.-21. april 2025

Påskemøte
Tale: Oddvar Søvik. Han er pensjonert pastor og forfattar. Han har vore skulelagsprest i Laget, tilsett i Indremisjonsselskapet, områdeleiar i Normisjon, pastor og seinare forstandar i Frikyrkja. Kona hans, Liv Kaland Fjellstad, har vore engasjert ulike stader i pinsemenigheter. I sitt yrkesaktive liv har ho drive med undervisning og rettleiing.
Song og musikk: Marit Underhaug og Magnus Aarseth har ansvar for song og musikk på møta. Marit spelar piano og Magnus syng.
Vi skal på denne påskeleiren følgje to spor: På formiddagen skal vi følgje Jesus gjennom dei dramatiske hendingane i påska. På kveldane skal vi følgje Israelsfolket si vandring frå trældommen i Egypt til det lova landet. Denne vandringa er eit bilete på det som hende i påska og dei sentrale sanningane i kristenlivet.
Program onsdag 16/4:
kl 18.30 Middag
kl 20.00 Kveldssamvær
Program 2.-4. dag:
kl 08.30 Frukost
kl 10.30 Bønnestund
kl 11.00 Samling om Guds ord
kl 13.00 Lunsj
kl 15.30 Enkel kaffiservering
kl 16.00 Samling med lettare program
kl 18.00 Middag
kl 19.30 Kveldssamvær
Skjærtorsdag kl. 19.30: Gudsteneste i Innvik kyrkje (i staden for samling på hotellet).
Det kan kome endringar i programmet.
Påskemøtet startar onsdag kveld kl. 18.30, og er slutt måndag etter frukost. Ein kan delta på heile eller deler av påska.
Døgnpris: 900,- pr person i dobbeltrom, tillegg kr. 180,- for enkeltrom pr døgn. Påmeldingsavgift: kr 300,- pr. person. Alle prisar er med full pensjon.
Påmelding til Innvik Fjordhotell Misjonsheimen AS, Telf: 57 87 49 90 eller e-post: post@innvikfjordhotell.no
Torsdag 24. april kl. 19.00
Misjonsheimsbasaren
Andakt v/ fung. sokneprest Knut Gjegedal.
Song v/vokalgruppa Stevia. Gruppa består av Gunnhild Sindre, Ingrid Randi Wangensteen Flore og Bente Flore.
Åresal, loddsal, kaffi og kaker. Trekning av loddbøkene.
Velkomne til ein triveleg basarkveld.
Har du spørsmål?
Vi har rask responstid og er alltid tilgjengelig for å svare på dine spørsmål.
Send oss en henvendelse via skjemaet, eller ring oss på telefon
+47 57 87 49 90