Selskap og dagsarrangement

Vi dukar vestlandsk festbordet for deg

Skal du feire din store dag eller gjennomføre eit selskap med venner, slekt eller kollegaer? Skulle du ynskje at nokon verkeleg forstod kor viktig akkurat di feiring er for deg? Drøymer om dei herlege vestlandske kakeborda? Våre gjestar vert godt mottekne både i glede og sorg. Her vil du føle deg vel ivareteken både for bursdagsfeiringar, firmafestar, bryllaup, dåpsfest, konfirmasjon, minnestunder og julebord for organisasjonen. 

​Vi har rom i ulike storleikar, og kan tilby ulike typar mat; middag, koldtbord og kaker. Vi lagar god mat som også tek omsyn til ulike matallergier og ynskjer.

Den vakre storsalen har plass til omlag 90 personar.

Ta kontakt, så dukar vi bordet for deg og dine.  

Har du spørsmål?

​Vi har rask responstid og er alltid ​tilgjengelig for å svare på dine spørsmål.

Send oss en henvendelse via skjemaet, eller ring oss på telefon
+47 57 87 49 90