Kurs og konferanse

Kurs, møter og konferanser ved fjorden

​Innvik Fjordhotell Misjonsheimen er som skapt for kurs, seminar, konferansar og ulike slag møte – med eller uten overnatting. 

Hotellet har god plass. Vi held dagskurs og møter for inntil 80 personar, kurs og konferansar med overnatting for inntil 60 personar. Møtesalen har det du treng av dei vanlege tekniske og praktiske fasilitetane slik at du kan gjennomføre undervisning og plenumssamlingar. Oppsett på bord og stolar gjer vi etter ynskje. 

Vi har eigen meny for møtemat, eller de kan bestille lunsj i ulike prisklassar.
Kaffi, te og vatn er sjølvsagt tilgjengeleg heile tida.

Det finst eit godt akustisk Samick piano, ei lita scene og nyare musikkanlegg for kulturelle innslag i møtesalen. Dei mindre romma, gamlestova og peisestova kan romme grupper og individuelle samtaler. 

Møterom konferanseoppsett - vinkel bak mot podium
Møterom konferanseoppsett - vinkel bak mot podium
Møterom konferanseoppsett - vinkel bak mot podium

Dagleg leiar

Innvik Fjordhotell Misjonsheimen AS ligg vakkert til ved Nordfjorden i Stryn kommune. I sommarmånadane er hotellet først og fremst eit turisthotell, men også ein naturleg plass for lokale samlingar. Utanom turistsesongen er hotellet ein viktig møteplass for ulike typar aktivitetar og arrangement, både innanfor kyrkja, kristne organisasjonar og andre, både på lokalt, regional og nasjonalt plan. Innvik Fjordhotell arrangerer også sjølv samlingar og konferansar.

Då dagleg leiar nærmar seg pensjonsalder, søkjer hotellet etter ein ny person i denne stillinga. Den som blir tilsett vil ha ansvaret for den dagleg drifta, og i samråd med eigarane vere med å utvikle hotellet vidare. 

Ved tilsetting blir det lagt vekt på kompetanse og kvalifikasjonar innan økonomi og leiing, samarbeidsevne, relevant utdanning og erfaring og personlege kvalifikasjonar.

Ein må rekne med ei fleksibel arbeidstidsordning.

Innvik Fjordhotell er eigd av normisjonsforeiningar i regionen, og den som vert tilsett må kunne stille seg bak Normisjon sitt verdigrunnlag og arbeide i samsvar med dette.

Oppstart i stillinga vil vere etter avtale, men det er ønskjeleg seinast våren 2025.

Det er utarbeidt instruks for stillinga og løns og arbeidsvilkår vil bli fastsett etter avtale.

Hotellet kan vere til hjelp med å skaffe bustad.

Om du syns dette kan vere ei interessant stilling å gå inn i, er vi interessert i å kome i kontakt med deg til ein uforpliktande samtale. Det ligg mange muligheter i det å vere med å leie og utvikle denne bedrifta som er meir enn eit hotell.

Kontaktperson for stillinga er styreleiar Svein-Ottar Sandal, tlf 90969342

Epost: svein.sandal@enivest.net

 Søknadsfrist: 22. november 2024.

Søknadsadresse: post@innvikfjordhotell.no adr Gamlevegen 21, 6793 Innvik.

Har du spørsmål?

​Vi har rask responstid og er alltid ​tilgjengelig for å svare på dine spørsmål.

Send oss en henvendelse via skjemaet, eller ring oss på telefon
+47 57 87 49 90