Leir og weekend
Kva er vel betre enn ein leirweekend
ved fjorden i triveleg lag?
Innvik Fjordhotell har mangeårig erfaring med å arrangere ein rekke leirar og weekendar. Vi hjelper til med å skape ditt perfekte arrangement. Hotellet arrangerer alt av slektstreff, kor- og aktivitetshelgar og menighetsweekend. Staden eignar seg ypparleg for helgearrangement for grupper på 40-70 personar. Deilig heimelaga mat skapar ei smakfull ramme for ditt arrangement og får praten godt i gong.
Vi har eit flott uteområde, med eiga badestrand, sandvolleyballbane og grillhytte, som inspirerar til relasjonsbygging. Dette er sjølvsagt til fri bruk både under pausane, og/eller som ein del av opplegget og programmet. I bygda er det mange fine, merka turstiar. Du kan starte ved hotellet og vandre på nokre av dei, eller om du vil kome fortare opp i høgda, kan du køyre eit stykke på veg og starte vandringa høgare oppe.
Salen har alt av tekniske og praktiske fasilitetar som gjer at du kan gjennomføre undervisning og samlingar i plenum. Dei mindre romma, gamlestova og sofagruppene i peisestova kan romme grupper og individuelle samtaler. Oppsett på bord og stolar gjer vi etter ynskje. Det finst eit godt akustisk piano, ei lita scene og nyare musikkanlegg for kulturelle innslag i møtesalen.
Ta kontakt for informasjon og prisar!
Har du spørsmål?
Vi har rask responstid og er alltid tilgjengelig for å svare på dine spørsmål.
Send oss en henvendelse via skjemaet, eller ring oss på telefon
+47 57 87 49 90