Ny dagleg leiar

Eg heiter Merethe Søgnen. Eg er opprinnleg fra Bygstad i Sunnfjord, men har budd i Innvik sidan 1998. Før eg no skal ta fatt på jobben som Dagleg ledar for Innvik Fjordhotell har eg vore tilsett på fleire arbeidsplassar i området. Eg har jobba på Markedsavdelinga på Dooria, Stryn kommune (Vikane omsorgssen-ter), har dreve Cafe Go’beten i Innvik og har dei siste 4 åra vore tilsett ved Stryn vidaregaånde skule. 

I løpet av desse åra har eg fått 3 barn. Dei er no alle vaksne (22,  24 og 26 ). To av dei bur i Innvik, den tredje studerer i Bergen.

Sidan 1998 har eg og vore Bonde. Eg har 30 mål med bringebær. Så kvar sommar har eg arbeidarar fra Polen og Slovakia som haustar inn alle bæra. 

Eg gledar meg til å ta fatt på jobben. Eg ser fram til å bli bedre kjendt med, og å arbeide i lag med både dei tilsette og styret. 

Så vil eg etter beste evne arbeide for at Innvik Fjordhotell skal drivast vidare på ein god og trygg måte.

Med helsing Merethe Søgnen

 

Har du spørsmål?

​Vi har rask responstid og er alltid ​tilgjengelig for å svare på dine spørsmål.

Send oss en henvendelse via skjemaet, eller ring oss på telefon
+47 57 87 49 90