Ledig stilling

Ledig stilling: Dagleg leiar
Tenk å kunne ha arbeidsplassen sin her!
No har du sjansen!
Innvik Fjordhotell, Misjonsheimen AS ligg vakkert til ved Nordfjorden i Stryn kommune. I sommarmånadane er hotellet først og fremst eit turisthotell, men også ein naturleg plass for lokale samlingar. Utanom turistsesongen er hotellet ein viktig møteplass for ulike typar aktivitetar og arrangement, både innanfor kyrkja, kristne organisasjonar og andre, både på lokalt, regionalt og nasjonalt plan. Innvik Fjordhotell arrangerer også sjølv samlingar og konferansar.
Då dagleg leiar nærmar seg pensjonsalder, søkjer hotellet etter ein ny person i denne stillinga. Den som blir tilsett vil ha ansvaret for den daglege drifta, og i samråd med eigarane vere med å utvikle hotellet vidare.
Om du synes dette kan vere ei interessant stilling å gå inn i, er vi interessert i å kome i kontakt med deg til ein uforpliktande samtale.
Innvik • tlf. 57 87 49 90 • e-post: post@innvikfjordhotell.no • www.innvikfjordhotell.no
Har du spørsmål?
Vi har rask responstid og er alltid tilgjengelig for å svare på dine spørsmål.
Send oss en henvendelse via skjemaet, eller ring oss på telefon
+47 57 87 49 90




