Innvik Fjordhotell MisjonsheimenHotellet med fjorden i hagen - i hjartet av vakre Vestlands-Norge
Ope: 01.03.-31.12. Hyggeleg restaurant med vindauge mot fjorden. Tilpassa rullestolbrukarar. Heis. Dagkurs inntil 80 personar. Kurs og konferansar med overnatting inntil 60 personar. Bryllaup, jubileum og selskap for inntil 120 personar. Innvik fjordhotell Misjonsheimen er sertifisert som Miljøfyrtårn. |
|

Det har budd menneske i Stryn i mange tusen år. Gardsnamn, gravfunn og andre fortidsminne fortel oss at alt i yngre steinalder (5000 - 2000 år f.Kr.) levde det folk i bygdene her. I Loen og Olden er det funne steinøkser frå omlag 4000 år f.Kr.
For omlag 12000 år sidan, under siste istida, låg heile landet dekt av ei mektig iskappe. I Stryn som andre stader på Vestlandet, har isen skura , gnege og forma landskapet. Skurings-stripene kan ein framleis finne i fjellsidene. Men mykje av fjellet er hardt, og difor står det att mange fjellparti med høge toppar. Isen har også vore med å forma den lange fjorden med dei mange armar og vikar.
Innvik (Utvik, Olden og Nordsidebygdene) var eigen kommune fram til 1965. Som resultat av Skei-komiteen sitt framlegg vart Innvik kommune og Hoplandsgardane slege saman med "gamle" Stryn. Det same skjedde med Hornindal kommune. Hornindal braut ut av storkommunen at i 1977. Faleide var det gamle sentrum i Innvik kommune. I åra fram til kommunesamanslåinga var administrasjonen plassert i Innvik.

Hotellet ligg heilt i strandkanten ved fjorden (Nordfjorden), i rolege og svært vakre omgjevnader. Storfelt natur. Ligg ved R60, 17 km. til Olden, 23 km. til Loen.
Ekspressbussen Bergen-Trondheim som korresponderer med Nordjordekspressen (Stryn-Oslo), stansar ved hotellet. Avstandar
|
Innvik Fjordhotell finn du i Innvik i Stryn Kommune. Stryn har meir enn vakre fjell, brear og fjordar. Næringslivet i kommunen har både små gründerverksemder og store aktører. I Innvik har vi to større bedrifter:
Skogstad Sport lagar sport og fritidsklede som vert selde gjennom sportsforretningar over heile landet. I Innvik har Skogstad eit lagerutsal med mange gode tilbod. Besøk dei gjerne på www.skogstadsport.no
Innvik AS, tidl. Innvik Sellgren Industrier og Innvik Ullvare, produserer høgkvalitetsstoff til møbelindustrien, og leverer m.a. til cruiseskip og Hurtigruten. Ta ein titt på www.innvik.no