Innvik Fjordhotell Misjonsheimen
- ein del av NM Hotels
  • Heim
  • Om oss
  • Fasilitetar
  • Aktivitetar
  • Rundtur
  • Catering / Selskap
  • Tilsette
  • Booking
  • Kontakt oss
  • English
  • Heim
  • Om oss
  • Fasilitetar
  • Aktivitetar
  • Rundtur
  • Catering / Selskap
  • Tilsette
  • Booking
  • Kontakt oss
  • English

Arrangement 2021

5.-7. MARS: DAMEHELG PÅ  MISJONSHEIMEN, I REGI AV KVINNER I NETTVERK www.kvinnerinettverk.no
Tale: Elin Linde Fagerbakke og Gunvor Andresen
Lovsongsteam frå Ålesund Vineyard
Pris: kr 1.900,- pr. pers i dobbeltrom. Enkelt + 200,-. Påmeldingsavgift: kr 300,- pr. pers. 
 
12.-14. MARS: BIBELEN OG VITENSKAPEN
Undervisning v/Bjarte Karlsen. Bjarte Karlsen har mange års erfaring frå programvareutvikling innan bioteknologi, med hovedfokus på DNA analysar. Han er levande opptatt av korleis vitenskap støttar Bibelen og korleis alle truande kan stå for HEILE Bibelen si historie med stort frimod. Bjarte har sjølv vore gjennom periodar med  mykje tvil og lite konkrete svar på spørsmål som ofte møter oss i kvardagen. Han ønskjer å vere med å utruste truande til eit liv i frimod.
​Arr.: Olden Normisjon
Pris: kr 1.900,- pr. pers i dobbeltrom. Enkelt + 200,-. Påmeldingsavgift: kr 300,- pr. pers. 

31. MARS-4. APRIL: PÅSKE V/FJORD OG FJELL                
Kurt og Reidun Hjemdal, Eva og Hans Gjesdal         
Start: Onsdag kl. 18.00, slutt 1. påskedag kveld.
Ein kan delta på heile eller deler av opplegget.
Pris: Døgnpris: kr 850,- i dobbeltrom. Tillegg for enkeltrom: kr 175,- pr døgn. Påmeldingsavgift: kr 300,- pr. pers.

TORSDAG 8. APRIL KL 19.00: MISJONSHEIMSBASAREN       Andakt v/Henny Koppen. Åresal, loddsal, kaffi og kaker 

3.-7. MAI: PLUSSREISER
Vårtur til Nordfjord

20.-24. SEPT.: “VI OVER 60”     
Tale/song: Gudrun Longva og Hilde Gjengedal
Vertskap: Signy og Finn Bjarnastein
Pris: kr 2.900,- pr pers i dobbeltrom. Tillegg for enkeltrom: 800,-. Påmeldingsavgift: kr 300,- pr. pers.
 
24.-25. SEPT.: INSPIRASJONSHELG
For vener av Misjonsheimen
Pris: kr 1.000,- pr pers i dobbeltrom. Tillegg for enkeltrom: 200,-. 

25.-26. SEPT.: BIBELHELG V/NLM
Pris: kr 1.000,- pr pers i dobbeltrom. Tillegg for enkeltrom: 200,-
​
5.-7. NOV.: OASE-HELG           
Annie Skaug
Lovsongsteam: Jan Gudmund Skrivervik m.fl.
Barneopplegg v/Hildegunn Vederhus m.fl.
Pris: kr 1.900,- pr. pers i dobbeltrom. Enkelt + 200,-. Påmeldingsavgift: kr 300,- pr. pers.

20.-21. NOV.: THANKSGIVING
Stor kalkunbuffet m/tilbehør, salatar, dessertar og kaker. Gode tilbod på overnatting.
 
For informasjon/program om dei arrangementa der ikkje anna er nemnt, ta kontakt med hotellet på post@innvikfjordhotell.no, eller telefon 57 87 49 90.

Opplevingar rundt hotellet

Hotellet ligg i ein storfelt natur, rett i strandkanten og skjerma for trafikkstøy frå gjennomfartsvegen. ​Det er flust av høve til ulike aktivitetar i nærleiken av hotellet:
  • badeplass
  • fiske
  • ​merka turløyper i området rundt hotellet
  • mange spennande dagsturar til fots.
Sjå også Rundturar

Vinter

Det er fint her om vinteren og.

Hotellet ligg 20
min frå Utvikfjellet, med 3 skitrekk og mange løypealternativ. Terrenget er ikkje av det vanskelegaste, og familiar kosar seg på korte eller lengre turar. Det er ei flott skistove med servering i bakken.

Andre vel å dra og bade på Hotel Alexandra sitt flotte badeland, med tre typar badstu, opplevingsdusjar, basseng både inne og ute, massasje eller skjønnhetsbehandling. Ein familie kan alle ha ein flott dag der inne hvis veret ikkje tillet dei store utskeielsane til fjells.
Picture

Haust

Det er tid for fargar i innfjorden: grønt, gult, raudt, brunt, oransje, litt snø på toppane.

M​ange syns at hausten er den finaste årstida.

​Lufta vert klårare, dagane kan fortsatt vere varme, soppen ventar på å bli plukka, og det er fantastisk å bevege seg i naturen, stort sett åleine, høgt til fjells!
Picture

Sommer

Om sommaren kryr det av liv i Nordfjord.

​Det er høgsesong, fantastisk grøn fjord, badetemperatur, sommarski, og alt ein kan ynskje seg av fjell, fjord og dalopplevingar.
Picture

Vår

Våren er kanskje den vakraste tida i fjorden.

​Det grønast tidleg, og ofte er veret betre enn ein kan forvente. Blomstrane spring ut, trea blømer, og det er godt å få ein forsmak på sommaren, lenge før snøen slepp taket i fjellet.
Picture
Fysiske aktivitetar
Picture
Stryn Sommerski
Stryn Sommerskisenter er det mest kjende sommarskisenteret i Nord-Europa, med flotte forhold gjennom heile sommarsesongen. Vanleg sesong er frå april til august. Sommarskisenteret ligg ein times køyring frå hotellet.
www.strynefjellet.com

Stryn Aktivitetspark
Fotball, sand-volleyball, BMX, skate-park m.m

Golf
Stryn golfklubb, 6 hols øvingsbane, på Sætre i Stryn. 

Sunnfjord golfklubb, 9 hols bane, i flotte omgjevnader på Vassenden. www.sunnfjord-golfklubb.no 

Fjordhest
Fjordhesten er den vestnorske hesterasen og Noregs nasjonaldyr, kjend for sitt rolege lynne og for å vere ein god arbeids- og brukshest. Han er nøysam, uthaldande og vert i våre dagar mykje nytta til fritidsbruk. Norsk Fjordhestgard på Breim ligg 30min frå hotellet, og har alt frå turar på sjølve senteret, til turar høgt til fjells. Stall Rygg på Sandane tilbyr riding og køyring for heile familien. Dei legg opp turar etter ønskje og ferdigheter. 

Rafting
Midt i Sogn og Fjordane finn du nokre av Nord-Europa sine flottaste raftingelvar. Her byr ein på det aller meste av moro, spaning og underhaldning til både nybegynnar, erfaren og adrenalinfrelst. Jølster er 50mn køyring frå hotellet. http://www.jolster-rafting.no

Skåla
Fjellet Skåla 1848 moh er rekna som Norges lengste motbakke. På toppen ligg verdas mest spesielle turisthytte, Skålatårnet, og Skålabu (bygd i 2016), der ein kan overnatte. Motbakkeløpet Skåla Opp vert arrangert kvart år i august. Mange av dei som overnattar på hotellet, tek ein dagstur til Skåla. 

​Via Ferrata Loen
Guida klatretur til fjellet Hoven 1010 moh. Den lengste Via Ferrata brua i Europa (120 meter) må forserast på vegen opp.

Surfing på Stad
På Stadlandet er det ideelle forhold for surfing med bølgjer frå storhavet og kvite sandstrender. I Hoddevik og Ervik ligg ein av dei beste og vakraste surfeplassane i Norge.

Sykling
Du kan sykle på gamle kjerrevegar med lite trafikk, på vegar som svingar seg opp gjennom dalane eller langs fjorden i raud kveldssol. For dei som treng større utfordringar, er det bratte og utfordrande sykkelstiar å finne.

Fiske
Gratis fiske i sjøen, eller fiskekort i elvar og vatn.

Vandring/fjellturar
Mange alternativ for fjellturar i ulik vanskegrad og lengd. Du kan vandre korte og lette turar til støylane, eller lengre og krevande dagsturar i bratte fjell. Mange stader er det merka turløyper.

Vinterskisenter
Breimsbygda Skisenter ligg berre 20 minutt køyring frå hotellet. Her er 2 skiheisar med slalåmbakkar og oppkøyrde langrennstrasear.
​
Stryn Vinterski
Totalt kan Stryn Vinterski tilby 12 km preparerte nedfartar, og park med enkle rails og hopp deler av sesongen. I det barnevenlege området lengst nede finn ein både knøttetrekk og juniortrekk
 
For meir detaljert info og kontaktinfo til alle aktivitetane, sjå www.nordfjord.no.

Kulturaktivitetar
Picture
Norsk Bremuseum
Fjærland ligg ein 8,5 mils køyretur frå Innvik. Ivo Caprino-film frå Jostedalsbreen. Her kan du også sjå Bøyabreen like ved vegen. 
Les meir

Nordfjord Folkemuseum 
Nordfjord Folkemuseum har ei stor samling av kulturhistoriske hus og gjenstandar frå heile Nordfjord. Inkludert den karakteristiske Holvikjekta. Museet ligg på Sandane, 40min køyring frå hotellet. 

Astruptunet
Ca. 5,5 mil frå hotellet. Utstilling av Nicolai Astrup sin kunst.
Les meir

Jølster
Turen kan kombinerast med biltur rundt Jølstravatnet, til Eikåsgalleriet. På veg heim kan du stoppe på Audhild Vikens vevstove på Skei for å kjøpe godt norsk handtverk (heile året). 

Jostedalsbreen nasjonalparksenter
På Jostedalsbreen Nasjonalparksenter i Oppstryn kan ein gjennom film, video, dataprogram og modellar, lære om isbreen og landskapet som er forma av vatn og is. På senteret kan ein også melde seg på guida naturstivandringar og breturar.
Les meir

Anders Svor Museum
Anders Svor Museet viser mange av hans beste arbeid. Svor var ein av dei mest uttrykksfulle bilethoggarane i Noreg rundt 1900.

Vingenfeltet
Vingenfeltet i Bremanger er eit av dei største og mest særmerkte helleristingsfelta i Nord-Europa. Omlag 4000-6000 år gamle!

Singerheimen
William Henry Singer jr. (1868-1943), amerikansk biletkunstnar og millionærarving som slo seg ned i Olden. Heimen står no som han gjorde i Singers tid, og i "Studio" finn vi mange av verka hans utstilte.
​

Naturattraksjonar
Picture
Briksdalsbreen
Ca. 4 mil til Briksdalsbre Fjellstove. Derifrå kan du leige skyss med “Trollbil” opp til Briksdalsbreen, eller du kan spasere på fin turveg til breen. (ca. 40 min å gå).
​www.briksdalsbre.no.
​
På veg til Briksdalen, køyrer du frå Olden, langs Oldevatnet. Her går det båt på vatnet. Den kan bestillast av grupper. 

Lodalen
Kjent for rasulukker frå Ramnefjell i 1905 og 1920. Ca. 4 mil køyretur inn til Kjenndalskaféen. Du kan evt. ta båt på Lovatnet. Fantastisk natur! 

Geiranger
Mange av gjestene som er her på hotellet, reiser på dagstur til Geiranger, 11 mil frå Innvik. 
Les meir

Panoramavegen
Panoramavegen ligg på Nordsida og går gjennom fantastisk natur, og med mange lett tilgjengelege kulturhistoriske attraksjonar. Det er flott utsikt heile vegen, og selvfølgeleg enda penare når ein kan sjå heilt til hotellet!
Les meir

Gamle Strynefjellsvegen
Gamle Strynefjellsvegen (rv. 258) er ein av våre Nasjonale Turistvegar, og den over 100 år gamle vegen slyngar seg over fjellet mellom Stryn og Skjåk.

Kråkenes fyr
Kråkenes fyr er ein vérstasjon som samlar inn viktige data. Her er flott utsikt mot Stadhavet

Vestkapp
17 mil frå hotellet. Norges vestlegaste utsiktspunkt med fastlandsforbindelse. Du kan evt. også ta turen til øya Selja, der klosteret ligg.
​
Selje Kloster
Den kristne, irske prinsessa Sunniva dreiv i land her etter å ha flykta frå eit heidensk tvangsekteskap heime i Irland. Seinare vart Selje kloster bygd her på 1100-talet av Benediktinar munkar. 

Hornindalsvatnet
Hornindalsvatnet er den djupaste innsjøen i Europa, 514 meter. Ingen av breelvane munnar ut i vatnet og dette gjer det til Nordens klåraste innsjø.

Loen Skylift
Loen Skylift er eit av dei største og mest spektakulære reiselivsprosjekta i Norge. Frå fjordbygget startar oppstigninga med pendelbana til fjellet Hoven (1011 moh). Etter nokre minutt i luftig svev kjem du til fjellbygget og restauranten der du får eit 210 graders panoramautsyn med utsikt til Skåla og Lovatnet i aust, Jostedalsbreen og Olden i sør, og ut Nordfjorden som buktar seg vidare mot Stryn i vest. Frå Hoven kan du oppleve høgfjellet på eiga hand i eit omfattande stinett, eller med guide. Til fots, på sykkel, på kjelke eller på ski.

​Moglegheitene er mange - valet er ditt.

Innvik Fjordhotell Misjonsheimen
​Gamlevegen 21
​6793 Innvik 
Telefon:
​57 87 49 90
E-post:
post@innvikfjordhotell.no
Følg oss på
Facebook
Følg oss på
Google+
Personvernerklæring