Hotellet med fjorden i hagen
Innvik fjordhotell ligg heilt i fjordkanten, med eiga badestrand, sandvolleyballbane og badestampar. Vi har kort avstand til kjende turistmål, god heimelaga mat, fredeleg atmosfære og nydeleg utsikt til fjord og fjell.

Det er flust av høve til aktivitetar i nærleiken av hotellet: Badeplass, robåt, kajakk, vannski, fiske, sykkelutleige, turløyper, spennande dagsturar til fots, vinter- og sommarski.
17 km frå Olden og 23 km frå Loen langs R60. Ekspressbussen Bergen-Trondheim som korresponderer med Nordfjord-ekspressen Stryn-Oslo, stansar ved hotellet.
Innvik ligg midt i alt som kan opplevast på ein god norgesferie. Sjå våre rundturar, frå Fjærland til Vestkapp og Trollstigen – her kan du oppleve mykje i løpet av ein dag!
Vi har nyleg rusta opp uteområdet vårt, med ny badestrand, badestampar, sandvolleyballbane og asfaltert vandresti.