Rundtur
Rundturar
Innvik ligg midt i alt som kan opplevast på ein god norgesferie. Som lokalkjende har vi på dei følgjande sidene laga nokre framlegg til rundreiser. Klikk på lekkjene nedanfor for å få vite kva du kan sjå og oppleve, kor langt du må køyre og kor lang tid det tar.På nokre av desse turane må du ta ferje, andre stader kan det vere interessant å bruke nokre kroner på inngangs-billettar eller ekstra måltid. Ta gjerne kontakt med oss på førehand for å få vite kor mykje det kjem til å koste.
Alle desse turane har du stort utbyte av på eiga hand, men for bussturar tilrår vi at de tingar eigen lokal guide for ein dagsutflukt eller tre medan de er i Innvik.
”Vestlandsnaturen talar for seg sjølv, men nokre gonger kan litt tilleggsinformasjon vere lærerikt”, seier guideselskapet vårt. Spør oss om prisar.
